82% av målbeløp på kr 10 000
Den bratte stigen til Leirholshøgda er ein kort og legendarisk tur i Vang. Vel oppe i det levande stølslandskapet ved bekken Drøsja vert det no oppført ei badstove med tilhøyrande rasteplass.
Fyr opp i ovnen, gå ein liten tur, eller berre legge deg ned for å nyte utsynet mens du ventar på at badstova vert varm.
Er ikkje berre tanken på det verdt eit lite bidrag? Fleire formar for bidrag er tilgjengeleg på høgre side her.
Prosjektet har fått namnet «Eldmølla» og er eit samarbeid mellom arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, Innovangsjon og grunneigar. Både rasteplass og badstove vert tilgjengeleg for turfolk med betaling for ved via VIPPS eller med kontantar.
Klatre rett frå «Eldmølla» og ned i vatnet. Her vert også bru over juvet og rasteplass for turfolk.
Studentane legg ned om lag tre årsverk for å realisere prosjektet, mens kommune og lokalt næringsliv støtter opp. Ved sidan av dette ligg ein betydeleg arbeidsinnsats og finansiering frå grunneigar.
Prosjektet manglar kr. 10.000 på å vera fullstendig finansiert og vi ynskjer å la lokalsamfunnet og verda bidra til å skape landets stiligaste badstove gjennom folkefinansiering.