Norsk English

Kunst i viktig budskap - Sjelsstyrke (Kortfilm)

Be part of an important message - "Fortitude" Film

Livets forventningar frå dei rundt oss, samfunnet og frå oss sjølv. Korleis ein taklar livet på forskjellige måtar, kvar ein kamp så ulik.

Et prosjekt av Brit Johanne Landa, publisert 17.02.2017. Brit Johanne Landa sin nettside. Brit Johanne Landa sin facebook. Prosjektet tilhører kategorien Skaperglede.
Innsamlet kr 20 500
102%
Målbeløp kr 20 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 22
Dager igjen 0
Prosjektet ble avsluttet 04.04.2017.

Hei!

Mitt navn er Brit Johanne Eide Landa, eg er frå ei lita øy på vestlandet kalla Halsnøy. No er eg i gang med ein lokal produsert film "Sjelsstyrke", skreven og regissert av meg sjølv. Med det lurer eg på om De kan vera interessert i å vera med å sponsa filmen som skal visast i Amerika og her i Norge. Dette er ein låg budsjett film som eg treng sponsormidlar til for å få den ferdig laga, sendt rundt til flest mogleg filmfestivalar og for å kunna få den vist.  Difor treng eg hjelp av Dykk!

Om filmen og kvifor den er viktig:

Sjelsstyrke er ein kortfilm basert på sanne historiar og augneblink basert på menneske sin kamp frå barn til vaksen alder.  Om livet sine forventningar frå andre rundt oss, frå samfunnet og frå oss sjølve. Eg vågar å påstå at på eit tidspunkt i livet opplev kvar og ein av oss ein form for press. Om det kjem frå deg sjølv, dine nære, arbeidsplassen, skule, samfunnet eller rett og slett det å berre eksistera... 

Spørsmål som; "Kven er eg? Kva skal det bli av meg? Kva om eg ikkje lykkast? Kvifor passar eg ikkje inn? Korleis skal eg halda fram etter det eg har opplevd?". Filmen tek opp temaer som blant  anna depresjon, vold, missbruk og angst. Det er mykje me ikkje vågar å snakka om, mykje ein "ikkje skal" snakka om. Eg vel å snakka om det, eg ser at det å våga å lytta og fortelja, det hjelp meir enn å tia..

Sjelsstyrke handlar om korleis ein taklar livet på forskjellige måtar der kvar ein kamp er ulik. Med dans, skodespel og poesi i Halsnøy sin flottaste natur.  Alt for å fremje livet sin råskap.

Det flotta med kunst og kultur er at via film, teater, dans, musikk, m.m kan vi fortelja, vera med å setja ord på det som er vanskeleg! Vi kan formidla det som betyr, vera ansikt utad for dei som ynskjer å stå i skuggen. Vera stemmene for dei som ikkje vert høyrt, eller dei som ikkje vågar/ ynskjer. Eg ynskjer med Sjelsstyrke å nå ut til dei som har vore, er i eller er i ventande på det same. Presset ein kjenner frå det å leva... Om filmen kan vera ei trøst, håp, svar, provosere eller berre gi ein tanke til dei som treng - er eg evig takknemleg!

Framleis gull i dugnadshjelp:

Filmen vart filma juni 2016 på Halsnøy, ei lita øy på vestlandet i nærleiken av Bergen.  Med tre skodespelar kollegaer frå Oslo samt eit filmteam frå Los Angeles, USA og Tyrkia - der alle bidrog utan lønn for å sjå dette viktige temaet komma til live, vart det mogleg å få til ein film.  Lokale heltar som Sunnhordland Museum - Halsnøy Kloster, Sunnhordland Folkehøgskule, Halsnøy Trelast, H.M.Eide´s Matsenter og Halsnøy Samfunnshus sponsa med midlar, utstyr og mat, utan all hjelp hadde ikkje Sjelsstyrke vore meir enn berre manuset eg held i handa...

Filmen er planlagt sendt ut til festivalar våren/hausten 2017.


Team:


 

Brit Johanne Landa er regissør og manusforfatter for Sjelsstyrke, og er sjølv ein av dei 4 skodespelarane i filmen. Ho er utdanna profesjonell dansar og skodespelar frå New York Film Academy/Amerika, Westerdal Oslo Act/Norge og Kingston University/England.  For tida bur ho i Los Angeles der ho arbeidar som skodespel for film og tv.  I 2015 fekk ho tildelt Kvinnherad Kulturstipend frå kommunen og talentstipend frå New York Film Academy, noko ho set stor pris på. 


Daniel Schoch er filmens Cinematographer, DP, Lys og Klipper.  Daniel er cinematographer frå Los Angeles, California.  Han er utdanna frå New York Film Academy i Los Angeles. Spesialisert innan lys, filming (DP), cinematography og klipping. Han arbeidar for tida innan film i Los Angeles, California.


Sirma Aksüyek Set fotograf, 2nd DP.  Sirma er ein anerkjent fotograf frå Turkey - Istanbul. Ho er utdanna innan Art Management i Turkey - Istanbul og Foto i Los Angeles, California. Sirma har vært i fotografi yrket i 7 år og bur for tida i Los Angeles, California der ho arbeidar som professionell fotograf.


Manuel Von E. Dixen Er filmens hovud klipper. Manuel er ein manusforfatter, regissør, cinematographer og klipper frå Danmark - Aarhus. Han er utdanna frå European film college i Ebeltoft, Potemkin film college i Denmark - Aarhus, der han tok masterklasse i både cinematography og film regi. September 2016 vart han ferdig utdanna Filmmaking ved New York Film Academy - Los Angeles, California. Han bur og arbeidar for øyeblikket i Los Angeles, California. 



Anne Kari Dale Er Set fotograf. Utdanna grafisk designer frå Bergen og fotograf. Ho bur for tida i Bergen der ho arbeidar, samt pendlar til Halsnøy der familien bur. 

Pål Fredrik Kvale er ein av filmens skodespelara. Pål Fredrik kjem frå Oslo og er utdanna skodespelar ved Westerdals Oslo Act - Oslo og tek for øyeblikket master i skodespel i Berlin - Tyskland. Han har arbeida ved National Teateret i Oslo i mange år før han flytta til Tyskland August 2016. Han er ein professionell skodespelar innen film, tv og teater. 



Ingrid Aanerud Solli Er ein av filmens skodespelara. Ingrid er utdanna skodespelar ved Westerdals Oslo Act - Oslo. Ho bur for øyeblikket i Oslo der ho arbeidar som skodespelar innan film, tv og teater.

 

Ellen Kristine Dehle Er ein av filmens skodespelara. Ingrid er utdanna skodespelar ved Westerdals Oslo Act - Oslo. Ho bur for øyeblikket i Oslo der ho arbeidar som skodespelar innan film, tv og teater. 

Eg tykkjer det er viktig å fremja kulturlivet i ei lita bygd, og ikkje minst visa at sjølv om Halsnøy ikkje er stor så har me mykje verdfullt å by på. Med å våga å satsa ynskjer eg å vera med å fremja det kulturelle og bringa små stemmer fram i lyset. 

Med dette ynskjer eg å gi noko attende til samfunnet for alt som det har gitt meg.

For å kunne klare det treng eg hjelp frå Dykk, og difor håper eg på eit flott samarbeid.

På førehand takk!


Ein kan lesa meir om filmen på nettsida;

www.britlanda.wix.com/fortitude 


Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

19 anonyme

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Ynskjer å gi tilbake

Bidra.no - Ynskjer å gi tilbake

Uansett om det er 10,- eller 300,- du ynskjer å bidra med så vill du bli takk på alle sosial mediar (med mindre du ynskjer å vera anonym). Kjem du på visningen av filmen på Halsnøy får du og eit gratis glas kaffi eller brus om navnet ditt er registrert som giver.

Bli den første som velger denne belønningen Begrenset antall: 10 igjen kr 20
Estimert leveranse 31.07.2017

Me ynskjer å gi tilbake

Bidra.no - Me ynskjer å gi tilbake

Ved sponsing av 300,- vert du takka i rulleteksten (OBS! Husk å oppgi eksakt navn som skal takkast)

2 personer har bidratt Begrenset antall: 8 igjen kr 300
Estimert leveranse 01.04.2017

Me ynskjer å gi tilbake

Bidra.no - Me ynskjer å gi tilbake

Ved sponsing av 500,- får du 1 gratis bilett til visning av filmen ved Halsnøy Kloster på Halsnøy, Kvinnherad.

1 person har bidratt Begrenset antall: 9 igjen kr 500
Estimert leveranse 31.07.2017

Me ynskjer å gi tilbake

Bidra.no - Me ynskjer å gi tilbake

Ved sponsing av 800,- får du 2 stk gratis billettar til visningen av filmen ved Halsnøy Kloster på Halsnøy, Kvinnherad.

Bli den første som velger denne belønningen Begrenset antall: 5 igjen kr 800
Estimert leveranse 31.07.2017

Du er med på teamet!

Bidra.no - Du er med på teamet!

Pengegåve over 1000,- vert belønna med «executive producer» credit i rulleteksten og du er dermed ein stor del av filmen! (OBS! Husk å oppgi eksakt navn som skal takkast!)

1 person har bidratt Begrenset antall: 2 igjen kr 1 000
Estimert leveranse 01.04.2017

Nøkkelord