Bidra.no - Lat Jalal arbeide - 15 år er lenge nok

Lat Jalal arbeide - 15 år er lenge nok

Jalal si sak skal prøvast i retten. Målet er lovleg opphald og arbeidstillatelse. Vil du hjelpe han å nå målet? 15 år på utsida er lenge nok

Et prosjekt av Asgeir Viken Holsen, publisert 21.08.2018. Prosjektet tilhører kategorien Suksesshistorier.
Innsamlet kr 40 050
100 %
Målbeløp kr 40 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 151
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 05.10.2018.

Vil du hjelpe Jalal til arbeids- og opphaldsløyve?


Mange kjenner Jalal, og saka hans. For dei som ikkje kjenner han har Jalal budd i Førde i 15 år på asylmottak. Jalal braut med Islam, og våger ikkje returnere til Iran. "Alle i Førde" kjenner Jalal. Han er eit kjent fjes i bybildet i Førde, og mange har fått mobiltelefonar og lommebøker tilbakelevert fordi han har funne dei. I 15 år har han samla flasker, og prata med folk, skaffa seg vener... I 15 år har han ønska å få arbeide. I Iran køyrde han lastebil, i Førde må han klare seg med sykkel. 15 år må være lenge nok?

Når mottaket han budde på skulle leggast ned, vart det oppretta alternativ mottaksplass for Jalal, slik at han kunne bli buande i Førde. Neste steg må være at han får eit verdig liv. 


Les meir om Jalal her:

https://www.firda.no/jalal-flykta-til-norge-fordi-han-er-kristen-her-ma-han-pante-flasker-for-a-fa-pengar-til-mat/s/5-15-26079


Advokatkontoret Henjum (www.http://advokathenjum.no/) v/advokat Ali Reza Afshar har ei tid arbeidd med saka til Jalal. Dei tek ikkje betalt for arbeidet sitt, men skal no prøve saka hans i retten. Rettsaka er beramma til 10.10.18. Dei har god tru på å lukkast. Dette kan bety arbeidstillatelse og framtidig opphaldsløyve for Jalal.  

 

I denne forbindelse treng vi å samle inn pengar til kostnadar knytta til sjølve rettsaka (Advokaten arbeider gratis, men firmaet betaler ikkje rettsaksgebyra). Ei god gammaldags kronerulling. 


Summen er berekna til maksimalt kr 40.000, og skal berre nyttast til å betale gebyr knytta til rettssaka. 


No har Jalal verkeleg ein sjanse til å bli ein av oss! Det fortener han!


Mvh

Facebookaksjonen "Lat Jalal fortsette å bu i Førde"

Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Asgeir Viken Holsen

Prosjekteier

Tom Ole Dyrstad

Prosjekteier

Turid Anita Viken

Prosjekteier

Nøkkelord