Norsk English
Leikegøta

(Du må akseptere Markedsførings-cookies for å se prosjektvideoen)

Leikegøta

«Leikegøta»

Leik med utsikt og kortreist materialbruk er essensen i prosjekt «Leikegøta» på Hensåsen i Vang, øvst i Valdres.

Et prosjekt av Innovangsjon, publisert 13.04.2016. Innovangsjon sin nettside. Prosjektet tilhører kategorien Giverglede.
Innsamlet kr 9 880
98 %
Målbeløp kr 10 000
Givere 26
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 22.04.2016.

Med utsyn mot Vangsmjøsa og fjella  i sørenden av Jotunheimen er eit nytt bustadområde under planlegging i fjellbygda Vang i Valdres. «Leikegøta» er prosjektnamnet for leikeområdet her som arkitektstudentar frå NTNU i Trondheim set opp i april 2016.

Ved sidan av framtidige bustadbyggarar i feltet, vil alt frå barnehage og idrettslag til bygdefolk og turistar kunne nytje anlegget som kjem til å innehalde eit utsiktspunkt, diverse leikeapparat og bålplass i fyrste trinn.

– Vil ein ta med liggjeunderlaget sitt og vakne opp til ein av dei betre soloppgangane i Valdres er det også sjølvsagt ein moglegheit, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Mange saman
Bakgrunnen for prosjektet er at Innovangsjon og Vang kommune hausten 2014 vart kontakta av arkitektstudiet ved NTNU om eit mogleg samarbeidsprosjekt. Innovangsjon tok rolla som lokal kontakt og etter brei støtte frå kommune og privat næringsliv stod badstova på kommunehusstranda klar våren 2015. 

– Alt frå skuleklasser  til sumaravslutning og nyttårsfeiring har funne stad i badstova som har vorte ein
uformell samlingsplass i sentrum, fortel Rogn.

Etter gode erfaringar fyrste år var det ynskje både frå NTNU, «Treklyngen i Begna», Innovangsjon og Vang kommune om å halde fram samarbeidet. Etter fleire rundar med ulike alternativ for prosjekt vart det til slutt utviklinga av eit offentleg leike– og aktivitetsområde på Hensåsen valt som prosjekt. 

– Lokalt fokus er framtida

Tilrettelegging av leikeområdet i det nye byggefeltet er fyrste steg i eit større prosjekt NTNU har i Vang og i Valdres. Gjennom samarbeid med «treklyngen i Begna», husbyggarar i det nye feltet på Hensåsen og eventuelle andre tilbydarar av lokalt trevirke er prosjektmåla saftige.

– Ved sidan av å bidra til næringsutvikling ynskjer vi å vera med på å skape bustadbygging og stadsutvikling som aukar attraktiviteten til både Vang og Valdres, fortel prosjektkoordinator og arkitekt ved NTNU Marius Waagaard.

 Ein ende av prosjektet skal forske på lågast mogleg CO2-fotavtrykk. Jo meir lokal materialen er, jo enklare er det å få dette reknestykket til å sjå bra ut.

– Passiv–hus har vore trend ei stund, men det har vore lite fokus på utslepp knytt til oppsettinga av sjølve huset. Lokale material betyr kort transport og eit lågt CO2-fotavtrykk. Bruk av ubehandla og naturlige materialer har også ein god innverknad på CO2–rekneskapen, men er også bra for inneklima, helse og miljøet generelt, fortel Waagaard.

Norsk massivtre i Begnadalen står for konstruksjonen av elementa i lag med studentane. Ellers er både skifer, annan stein og tresponkledning henta lokalt. Kortreist mat har vore ein udiskutabel trend dei siste år og Waagaard trur byggjebransjen kjem etter.

– Det er ingen tvil om at fokuset på kvalitet, identitet og transport/bærekraft er gode sider ved lokalmattrenden. Kvifor ikkje tenke på same måte om byggematerial og byggeskikk? Eg trur vi står ved starten på ei større trend, seier Waagaard.

Gode grunnar for støtte
Prosjektet har ei økonomisk ramme på kr. 70.000. Ved sidan av dette kjem erfaringsmessig studentane til å legge ned om lag eit årsverk i gratis arbeidstimar i prosjektet, mens privat næringsliv stiller med godt rabatterte eller gratis varer og tenester. Vang kommune og Vang sparebank er søkt om støtte, men for å få prosjektet i hamn økonomisk er Innovangsjon som lokal prosjektdrivar heilt avhengig av bidrag frå folk som ser verdien i prosjektet. 

– Vi håper både folk som allereie bur her og framtidige huseigarar i området har lyst til å bidra. Det vert også ein stilig arkitektonisk konstruksjon, som saman med fokuset på lokal materialbruk og lågt Co2-fotavtrykk er gode grunnar i seg sjølv for å støtte prosjektet. Når det heile har ungar og leik som hovudfokus er det få grunnar att for ikkje å støtte opp, meiner Hallgrim Rogn i Innovangsjon. 

I starten tek Innonvangsjon ansvar for drift og vedlikehald av anlegget. Etter kvart som bustadområdet vert bygd ut er tanken at dette ansvaret fell over på dei som bur tettast på leikeområdet. 

Leikeområdet vil også fungere som gøte/stig inn til bustadområdet.

Leikeområdet vil også fungere som gøte/stig inn til bustadområdet.

Tomtedelingsplan for bustadområdet.

Tomtedelingsplan for bustadområdet.

Skisse «Leikegøta»

Skisse «Leikegøta»

Studentar og lærarar samla i Begnadalen.

Studentar og lærarar samla i Begnadalen.

Studentane vitja området i februar.

Studentane vitja området i februar.

Sørre Hemsing og Gamle Kvam var to av fleire stader studentane var innom for å sjå på lokal byggeskikk.

Lokal byggeskikk i Sørre Hemsing stod på programmet i februar.

Tømrar og laftar Herbert Mollenhauer delte kunnskap om gamle byggeskikkar med studentane.

Tømrar og laftar Herbert Mollenhauer delte kunnskap om gamle byggeskikkar med studentane.

Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Nøkkelord