Norsk English
Bidra.no - MUSIKAL-I-TETEN

MUSIKAL-I-TETEN

MUSIKAL-I-TETEN 2018

Vi sett opp Musikal-i-teten, ein festival der vi visar fram nyskapande musikkteater. Årets overskrift er "Eit lite stykke"

Et prosjekt av Musikal-i-teten, publisert 16.05.2018 00.00. Prosjektet tilhører kategorien Giverglede (Forretning og entreprenørskap).
Innsamlet kr 18 260
91 %
Målbeløp kr 20 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 90
Dager igjen

Kva er Musikal-i-teten og kven er vi?


Musikal-i-teten er den fyrste profesjonelle musikkteaterfestivalen i Norden og vert drifta av studentar ved Musikkteaterhøyskolen. Festivalen finn stad hausten 2018 på Sentralen i Oslo.

Kvifor er dette viktig?

Årets overskrift for festivalen er: "Eit lite stykke".

I festivalen vår ynskjer vi å utforske og utfordre oppfatningar av kva det kan seie å vere norsk. Lev vi nordmenn i eit selektivt samfunn der ein vel kven som får vere norsk?

Musikal-i-teten er ein festival med fokus på å utfordre den tradisjonelle musikkteater-sjangeren. Festivalen skal gje opplyst kunnskap om musikkteater, samt vere ein sosial møtestad. Her kan alt frå menneske som knapt veit kva musikkteater går ut på, til menneske med interesse for musikkteater, utveksle erfaringar og oppleve nye, ukjende sider ved sjangeren. Vidare er Musikal-i-teten ein profesjonell festival, noko som inneber at vi berre tilset profesjonelle aktørar. På den måten ynskjer vi å vise fram det høge nivået innan musikkteater, gjerne også til dei som ikkje har eit forhold til sjangeren frå før. Dette vonar vi gjev eit verdifullt bidrag til bransjen. Musikkteater er ei kunstform sett saman av tre ulike kunstformer. Vi vil påstå at den norske kulturen og det norske samfunnet fungerer på same vis: Eit stort mangfald beståande av små ulike stykker av mange ulike historier, uttrykk og tradisjonar. “Eit lite stykke” kan handle om ulike stykker i sjangeren musikkteater. Det kan handle om å kome “Eit lite stykke” lenger på vegen mot eit meir inkluderande samfunn. Eller å ete sjokoladen med tilsvarande slagord. Vi er alle små stykker i samfunnet, og vi ynskjer å invitere publikum til ein smakebit av eit lite stykke mangfald. Måten vi skal skape refleksjon rundt dette er gjennom “Eit lite stykke” musikkteater. Målet er å vise at musikkteater er eit forum som kan ta opp aktuelle tema på eit engasjerande og annleis vis som kan passe for alle. Vi har eit ynskje om at publikum skal sitje att med ein påverknad frå framsyningane og sjangeren. 

I vår festival har vi fokus på verdi-orda: inkluderande, kortreist, samfunnsaktuell, profesjonell, utforskande og identitet. Vi ynskjer å appellere til eit breitt publikum og vi inviterer tilskodarar med ulike bakgrunnar, trusretningar, kjønn og aldrar. Grunna dette er verdiordet inkluderande særs viktig for oss. Med dette vil vi stadfeste at Musikal-i-teten er ein felles arena der alle er velkomne.


Om faget, og kvifor vi har det:

Gjennom entreprenørskapsemnet lærer vi korleis vi i dag skal kunne leve av det vi driv med. Ved å studere musikkteater vert vi førebudde på ei framtid der vi kan leve av dette. I emnet lærer vi mellom anna å skape våre eigne arbeidplassar. Musikal-i-teten er ein stor del av entreprenørskapsemnet, der vi jobbar med å sette opp denne festivalen i skuletida. Vi lærer om søknadsskriving, rettigheiter, korleis scenekunstbransjen fungerer og mykje meir. 


Korleis kan du bidra? Kva vert pengane brukt til?

Dersom du vil hjelpe oss gjennom Bidra, vil vi fyrst og fremst takke deg då di støtte betyr utruleg mykje. Pengane du donerer gjennom Bidra vil gå uavkorta til drifting og gjennomføring av festivalen. Din donasjon vil hjelpe oss med alt frå leige av teknikarar og lokaler, til kost og losji til våre artistar. Ved hjelp av ditt bidrag vil vi kunne realisere våre visjonar gjennom ein stor og inkluderande festival.



Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

48 anonyme

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Jenny-Marita Sørås

Prosjekteier

Personlig takk på instagram-story!

Følg musikaliteten på instagram og krev din personlige takk! På instastory vil vi gi vår personlige takk til akkurat deg!

8 personer har bidratt Begrenset antall: 492 igjen kr 50 Estimert leveranse 30.06.2018

Personlig takkedikt frå vår leiar!

Få eit personlig takkedikt frå vår eigen leiar; Fride Snipsøyr Holøs!!

14 personer har bidratt Begrenset antall: 486 igjen kr 100 Estimert leveranse 30.06.2018

Musikal-i-teten handlenett!

Bidra.no - Musikal-i-teten handlenett!

I år har vi laga vårt eige handlenett, med musikal-i-teten logoen på! Vi sender deg eit musikal-i-teten bærenett. I tillegg til dette for du selvfølgelig også en personlig takk via instagram-kontoen vår!

15 personer har bidratt Begrenset antall: 15 igjen kr 150 Estimert leveranse 30.06.2018

VIP-billett til festivalen!

Få billett til ei av førestellingane, for deg og ein ven. Få også sjansa til å møta artistane og studentane som driv festivalen! Med VIP-billetten får ein sitje på dei beste plassane under framsyninga. I tillegg til VIP-billett får ein sjølvsagt også ei personlig instastory-helsing!

5 personer har bidratt Begrenset antall: 15 igjen kr 500 Estimert leveranse 30.06.2018

Nøkkelord