Ole Jørn Myklebust - Viser frå Eidsdal

(Du må akseptere Markedsførings-cookies for å se prosjektvideoen)

Ole Jørn Myklebust - Viser frå Eidsdal

Bidra til innspeling av CD med tekstar av Eidsdalsdiktaren Arne O. Storås. Ved å kjøpe CDen på førehand er du med å mogleggjere utgivelsen!

Et prosjekt av MYKLEBUST MUSIC, publisert 11.02.2016. MYKLEBUST MUSIC sin nettside. Prosjektet tilhører kategorien Suksesshistorier.
Innsamlet kr 72 840
112 %
Målbeløp kr 65 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 82
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 27.03.2016.

Slik fungerar det:

Pengane som blir betalt inn vert liggande på en konto hos Bidra.no heilt fram til målsummen blir nådd. Om ikkje målsummen blir nådd, blir ikkje prosjektet realisert og pengane vert tilbakeførd til alle som har betalt inn. 

Midlane vi får inn vert brukt til å dekke leie av utstyr, miksing, mastering, reise, CD-trykking, design, produsenthonorar og musikerhonorar.


Om prosjektet Gløymde fotefar / Viser frå Eidsdal

For omlag 10 år sidan gjenoppdaga eg dikta til ein sambygding frå Eidsdal på Sunnmøre; Arne O. Storås. Tekstane gjorde sterkt inntrykk på meg, og eg begynte nærmast med det same å skrive musikk til tekstane hans. Lenge vart desse låtskissane liggande i ei skuffe. Heilt til eg i fjor sumar fekk ein forespørsel frå festivalen Eidsdalsrøre, som hadde høyrd nyss om tonesetjinga mi og ba meg lage ein heil konsert med tekstane til Arne O. Storås på Eidsdals eigen festival. Det vart det puffet eg trengte for å fullføre prosjektet med diktutval og komponering. Eg inviterte med meg ein fast samarbeidspartnar dei siste åra; bassisten og produsenten Svein Schultz. Vi har både komponert musikk til film, tv og teater og produsert musikk for ulike artistar saman, og kjenner kvarandre inn og ut musikalsk. Vi turnerte óg verda rundt med Mari Boine i mange år. På gitar valde eg ein annan god venn; gitarist Tore Bruvoll, kjend frå Hekla Stålstrengar, Sondre Bratland og Annbjørg Lien, og ein gitarist med ei frisk tilnærming og eit nært forhold til visetradisjonen. Dette viste seg å vere ein vellukka kombinasjon. Saman hadde vi ein givande kreativ prosess fram mot urframføring, og konserten 30. mai 2014 vart svært godt mottatt.

Formålet med dette plateprosjektet er å fullføre eit kunstnerisk prosjekt som etter mi meining vart ein vellukka symbiose av ord og tonar, men også å bidra til at Storås sine flotte tekstar blir ytterlegare løfta fram. Storås levde frå 1908 til 2002, og var ei mykje nytta diktar lokalt - både i lokalavisa Storfjordnytt og i Årbok for Norddal. Han var også ein gardbrukar, noko som tydeleg gjennomsyra lyrikken hans. Han tar for seg respekten og kjærleiken til naturen på ein særegen måte, i tillegg til å skildre menneskelige relasjoner og etterkrigslivet i ei lita bygd - på godt og ondt. Diktarverket hans er stort og omfattande, men lite er utgitt på trykk. Det vart sagt at han ikkje hadde særleg tru på seg sjølv som diktar. Ein gong tok han imidlertid mot til seg og sendte heile samlinga si av eigne tekstar til ein kjent og etablert forfattar for å få arbeidet vurdert. Vedkomande rota bort heile samlinga, og dermed gjekk mykje av produksjonen tapt. Familien samla inn alt dei klarte å finne tak i etter hans død. Dikta heldt svært høg kvalitet, og som musikar opplever eg at dei har ein sterk musikalsk kvalitet ved seg som egnar seg svært godt til å tonesette.

Eg har ein visjon om å spele inn denne musikken der dei musikalske ideane vart fødd, nemleg på stova i gamlehuset på heimgarden min i Eidsdal. Der var óg her prosjektet fann si endelege form i dagane før urframføringa i fjor. Musikkprodusent for prosjektet vil vere Svein Schultz, og ein grunntanke er å skape eit musikalsk univers med mykje rom for tekst, og å ta inn element frå min musikalske identitet der både jazz, country og visemusikk har sin naturlege plass.

Eg vil gje ut musikken i fysisk format, og inkludere bilete frå heimbygda mi som Arne O. Storås skildrar så gripande, som ein del av ein estetisk heilheit i coveret saman med tekstane hans. 


Band:

Ole Jørn Myklebust: Vokal, trompet, xaphoon og akustisk gitar

Tore Bruvoll: akustisk gitar, elektrisk gitar, mandolin, banjo, lapsteel, koring

Svein Schultz: bass og produksjon


Venleg helsing Ole Jørn Myklebust

Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

1 CD-plate

Bidra.no - 1 CD-plate

Du mottar 1 CD-plate i posten (porto er inkl.). Coveret vil være innhaldsrikt med gamle bilder og historier frå Eidsdal.

50 personer har bidratt Begrenset antall: 950 igjen kr 200
Estimert leveranse 17.10.2016

5 CD-plater

Bidra.no - 5 CD-plater

Du mottar 5 CD-plater i posten (porto er inkl.). Coveret vil være innhaldsrikt med gamle bilder og historier frå Eidsdal.

13 personer har bidratt Begrenset antall: 987 igjen kr 800
Estimert leveranse 17.10.2016

10 CD-plater

Bidra.no - 10 CD-plater

Du mottar 10 CD-plater i posten (porto er inkl.). Coveret vil være innhaldsrikt med gamle bilder og historier frå Eidsdal.

Bli den første som velger denne belønningen Begrenset antall: 1000 igjen kr 1 400
Estimert leveranse 10.05.2017

20 CD-plater

Bidra.no - 20 CD-plater

Du mottar 20 CD-plater i posten (porto er inkl.). Coveret vil være innhaldsrikt med gamle bilder og historier frå Eidsdal.

4 personer har bidratt Begrenset antall: 996 igjen kr 2 500
Estimert leveranse 10.05.2017

50 CD-plater

Bidra.no - 50 CD-plater

Treng du julegåver eller firmagåver for dei neste åra? :) Her kan du få heile 50 CDar tilsendt i posten (porto er inkl.). Coveret vil være innhaldsrikt med gamle bilder og historier frå Eidsdal.

Bli den første som velger denne belønningen Begrenset antall: 100 igjen kr 5 500
Estimert leveranse 17.10.2016