Bidra.no - Redd Førdefjorden

Redd Førdefjorden

Kronerulling for marknadsføring av partia som seier nei til deponi i Førdefjorden ved kommunevalet 14. september.

Et prosjekt av Garfors Media, publisert 07.08.2015 00:00. Garfors Media sin nettside. Prosjektet tilhører kategorien Giverglede (Natur og miljøvern).
Innsamlet kr 0
0%
Målbeløp kr 25 000
Givere 0
Dager igjen
Prosjektet ble avsluttet 30.08.2015.

Den norske regjeringa har sagt ja til at 300 millionar tonn med gruveavfall kan dumpast rett i Førdefjorden, tilsett diverse kjemikaliar. Vi snakkar om ein nasjonal laksefjord som går langs bygder, byar og fantastiske naturområde. 

Målet med denne kronerullinga er å gjennom lokal marknadsføring mobilisere folk til å delta i lokalvalet og stemme på eit parti som er imot fjorddeponi.  

Regjeringa sitt vedtak kan medføre store konsekvensar for sjø- og turistnæringane. Det er likevel kommunestyret som har suveren reguleringsmyndigheit i slike saker.  Ved å få folk rundt Førdefjorden til å nytte røysteretten og stemme på eit parti som er imot deponi kan vi ta fjorden tilbake på demokratisk vis.

Det stadfesta også Bergens Tidende på leiarplass 3. august: Endringar i korleis kommunestyra er sett saman opnar for å bruke reguleringsplanane til å stanse deponiet.

Men det krev eit nei-fleirtal på kommunestyret, det vil seie minst 11 av 21 representantar.

Spesielt alvorleg er det at Nordic Mining sine gruveplanar vart presenterte i 2008, medan det var kommunestyret som vart vald inn i Naustdal 2007, året før, som sa ja til deponi i Førdefjorden. Fleirtalet (Ap, H og Sp) handla altså utan mandat frå veljarane. Dei fortener ikkje ny tillit.

La oss ta fjorden attende.

Røyst på eit parti som er imot fjorddeponi. 

Og hjelp oss å få fram bodskapen til andre veljarar i Naustdal og dei tre andre kommunane rundt Førdefjorden. Vi vonar du rullar nokre kroner vår veg for å hjelpe å stoppe dette.

 

P.S. Galskapen har blitt omtala av The GuardianThe TelegraphThe BBC og mange andre.

 

Ingen givere hittil. Bli den første til å bidra!

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Nøkkelord