Bidra.no - Ride-/fleirbrukshall og stall på Hovden i 2018!

Ride-/fleirbrukshall og stall på Hovden i 2018!

Bykle og Hovden Rideklubb har i mange år jobba for eit trygt heilårs hestetilbod (hall) for medlemmene våre. Vi treng også ny stall i 2018!

Et prosjekt av Bykle og Hovden Rideklubb, publisert 23.01.2018 08.00. Bykle og Hovden Rideklubb sin nettside. Prosjektet tilhører kategorien Giverglede (Barn og unge).
Innsamlet kr 9 100
1 %
Målbeløp kr 650 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 9
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 18.03.2018.


      Under stiftelse, i regi av Bykle og Hovden Rideklubb




Eit krafttak for å fullfinansiere eit etterlengta heilårs 

aktivitetstilbod for hestemiljøet i Bykle kommune.

  

  • Er du interessert i stallplass til hesten din på Hovden? Ei helg, ein ferie eller over lengre tid?
  • Kunne du tenke deg å besøke oss når vi har open stall, kanskje leige hest?
  • Være med på ridekurs?
  • Støtte opp om ny arena for ridemiljøet – midt i Sør-Noreg?
  • Bidra til hall med fleirbruks-moglegheiter, som også vil komme mange andre aktørar til gode. Idrettslaga som arrangerar mange skirenn/rulleskirenn i skiarenaen som ligg side om side, vil dra nytte av hallen. Det blir sosial del med ca. 80 sitteplassar og hallen kan brukast som smørehall under større arrangement. Parkeringsareal vil også komme til nytte! Altså, prosjektet vil også komme aktive langrennsløparar og idrettslag til gode.
  • Hundeklubben vil få ein fin øvingsarena her
  • Hallen kan leigast til arrangement, messer m.m.
  • Vil du bidra til å skape ein god og rusfri møtestad for barn, ungdom og vaksne i mange av årets helger og feriar? Vi vil ha kafe på dugnad og her blir det åpent for alle – uansett interesser! Du kan også bidra ved å melde deg på dugnadslista vår. 

 

Hallen og stallen skal drivast på dugnad, så tiltaka over gjer vi så langt vi har kapasitet. Tiltaket vil styrke miljøet og vi veit om fleire som blir med på laget den dagen hallen står klar :-)

 

Eit godt hestetilbod kan bety mykje for trivsel – og for å få med dei som kanskje ikkje er så skiinteresserte på hytta! Om sommaren/hausten veit vi at nokon ynskjer å ha med hesten sin til fjells, men har ingen plass den kan stå. Det vil ein no få moglegheit til – om vi får inn det vi manglar for å finansiere prosjektet.

 

Vi ber alle gode krefter hjelpe oss med å bidra til at vi får til dette!

 

Finansiering 

Prosjektet vil koste ca 15. mill. inkl. mva. Vi er veldig godt i gong med å skaffe pengane som skal til. Bykle kommune har under visse føresetnader lova oss 5 mill. + forskottering av spelemidlar.

 

Vi reknar ikkje med å klare oss utan lån, men vil sjølvsagt holde lånekostnaden så lav som mogleg. Det er foreløpig uklart kor mykje vi får lånetilsagn om, men jobbar med saken. Foreløpig har vi fått nokre avslag på søknader om gavefond o.l., andre er ikkje avgjort enno. Dette er pengar vi må ha inn - vi søker videre og jobbar parallellt med andre måtar å skaffe midlar på!

Finansieringsplan:

  • Salg av reklame. Vi treng minimum:                                         1.000.000,-
  • Gavefond, gaver og liknande:                                                       350.000,-        
  • Bykle kommune, tilskot:                                                            5.000.000,-
  • Spelemidlar:                                                                              2.830.000,-
  • Egenandel frå rideklubben + dugnadsarbeid:                                720.000,-               
  • Banklån, foreløpig budsjett, mål om å få dette ned!                    2.500.000,-    
  • Likviditetslån/momskomp.                                                         3.000.000,-

         Sum:                                                                                         15.400.000,- inkl. mva

 

For å ha garanterte driftsinntekter å vise til overfor banken, med tanke på lånetilsagn, jobbar vi også med:

  • Kontraktinngåing om leige av lagerplassar!
  • Kontraktinngåing om leige av stallplassar! (6 av 10 er leigd ut pr. 16/1-18).

  

Det blir spennande å sjå kor mykje vi klarar å få inn gjennom «kronerulling» / Crowfunding. Vi har snart solgt reklameplass for 1 mill. (pr. 24/1). Vi MÅ skaffe minimum 1,4 mill. gjennom sal av reklame pluss denne aksjonen innan utgangen av vinterferien (26. februar)!, men håpar å få inn nok til å i tillegg kunne redusere budjettert lånekostand på 2,5 mill. (pluss 3 mill. i likviditetslån).

 

Målet er at hallen skal vere ferdig seint på hausten 2018. Det går fort – så ikkje vent, ta kontakt om du er interessert i å leige lagerplass eller kjøpe reklame. Info om prisar og vilkår :

www.fjellgardshallen.no eller Facebooksida vår; "Fjellgardshallen AS  - under stiftelse". 

 

Ta gjerne kontakt med oss:

  

Kva skjer med innsamla pengar om vi (mot formodning!) ikkje får finansiert prosjektet?

Målet er som nevnt å ha ferdig hallen innan utgangen av november i år. Om vi ikkje klarar den fristen, må vi enten bruke eit år til på å få det til, eller gå for eit prosjekt utan klubblokale/sosial del. Vi må snarlig ha ein ny stall, dersom vi skal beholde hestane våre - ettersom vi kanskje ikkje kan bruke stallen der vi er i dag frå hausten av. Det kan difor også vere eit alternativ å bruke pengane til å bygge kun stallen som eit delprosjekt - og at resten må komme på plass seinare - når finansiering er på plass. Det er imidlertid det første alternativet – å kutte ut klubblokale/sosial del, som truleg blir resultatet.

  

For å ha tatt høgde for alle moglege utfall/ «Worst case»; Om ingen av prosjekta blir realisert, tilbakebetalar vi bidrag som er gitt, men av praktiske årsakar, ber vi om at givarar sjølv tek kontakt med oss for refusjon. Om det er pengar ingen ber om å få tilbake, vil dette bli gitt til Bykle og Hovden Rideklubb sine aktivitetar og/eller andre veldedige formål som klubben sine medlemmer bestemmer.

   

 Fleksibel sosial del med inntil 80 sitteplassar inne + uteplass på låvebrua (som blir breiare enn det bildet viser). Toalett og kjøkken. Verdifull for oss og for andre leigetakarar - om det er til arrangørar av idrettsarrangement, messer eller anna.

Bakgrunn for prosjektet:

Våren 2016 sette Bykle og Hovden Rideklubb (stifta i 1986) ned prosjektgruppa som skulle jobbe fram eit prosjekt for å få bygd ridehall i Røyrvikåsen på Hovden. Klubben har hatt eit par andre prosjekt tidlegare for å få til eit innandørs tilbod for hestefolket. I 2006 vart det regulert ei kommunal tomt langs Røyrvikvegen til formålet. Det er her vi vil bygge hallen, slik at rideklubben sine medlemer kan få eit trygt og etterlengta tilbod heile året.

  

Etter kvart har det vist seg at minst like viktig som hallen, er det å få bygd ny stall! Stallplassane vi leiger i dag, i det gamle kufjøset på Fjellgarden Hovden, er i svært dårleg forfatning og har ikkje tilstrekkelig takhøgde, slik at det berre er gitt midlertidig dispensasjon frå Mattilsynet til å bruke dette. Det er uheldig avrenning frå gjødsel grunna sprekkar i betongen og bygget vil truleg ikkje bli oppgradert. Det er i utgangspunktet 6 stallplassar her, men ein nyttar også to provisoriske boksar i ein uisolert del av bygget.


Norgescup jr. langrenn 2016. Heilt bakerst skimtast smøretelt. Hallen blir liggande rett til høgre for desse - og då kan hallen fungere som smøretelt i staden. Det blir også klubblokale/sosial del og toalett, samt p-plassar som vil komme til nytte ved større langrenns- eller rulleskirenn.


Fleirbruksløysingar

Vi jobbar for ei fleirbruksløysing, ettersom det er andre behov som kan dekkast samtidig – og det blir ein del ledig kapasitet både i hallen og den sosiale delen. Først og fremst i samband med idrettsarrangement, men også andre lag/organisasjonar er interessert. Hallen vil også kunne leigast til messelokaler og anna i regi av næringslivet. Det er dessutan mangel på lagerplass på Hovden, så vi vil bygge lagerplassar på eine langsida av hallen, for utleige. Dette vil gi oss verdifulle driftsinntekter og blir ein vinn-vinn-situasjon.

 

Ny sosial møtestad:

Med den sosiale delen, der rideklubben vil drive kafé på dugnad (også utandørs når været er godt nok) får Hovden ein ny rusfri møtestad. Dette er eit stort pluss for både lokal ungdom og besøkande. Fleire av næringsaktørane som støttar prosjektet økonomisk, er opptatt av dette. Vi er også opptatt av at vaksne skal ha eit prosjekt dei har eigarskap til der dei kan bidra på sin måte. Nytilflytta får ein stad å bli kjent med andre på – og erfaring tilseier at mange ynskjer å bidra til positive tiltak ved å jobbe frivillig. 

Blått felt viser tomta (omtrentlig) regulert til rideanlegg  


Sjølve hallen (innvendig rideareal) blir 20 x 60 meter. På eine langsida kjem 10 stallboksar + vaskespilt (moglegleit til å utvide til ca. 17 boksar). Det blir sjølvsagt også lager for fôr og flis, salrom og alt som høyrer heime i ein stall. På andre langsida blir det lagerplassar til utleige. I klubblokalet/sosial del blir det plass til mellom 80-100 personar. Størrelsen er med tanke på fleirbruksdelen, og blir ein viktig del ift. utleige.

 

Sosial del med låvebru som blir inngong og uteplass (låvebrua blir breiare enn bildet viser), vendt mot skiløypa/rulleskiløypa i Hovden Langrennsarena. Her vil rideklubben ha kafe i helger og feriar – og leigetakarar får eit godt lokale ved arrangement.


Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

5 anonyme

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

350000 kr
For å få ned lånebeløp, som dermed styrker driftssida.

2%

BYKLE OG HOVDEN RIDEKLUBB

Organisasjonsnummer: 875 443 712



Adresse
c/o Lene Bentsen Tuftevegen 4
-
4755 HOVDEN I SETESDAL


Kontakt
unnhovden@gmail.com

Merethe Hjemdal

Marknadsansvarlig, dugnadskoordinator, arrangementskoordinator

Unn Hovden

Prosjektansvarleg, booking, økonomi

Eldri Haugenes

Avtaleansvarlig lagerplass / Driftsansvarlig uteområder, HMS

Olav Skinnarland

Prosjektleiar byggeprosjekt / Byggansvarlig: Byggteknisk drift og vedlikehold

Yvonne L. Benjamin Hall

Initiativtakar til prosjektet / Stallmester

Trude E. Mikkelsen

Avtaleansvarlig reklame / Administrasjonssekretær

Trekning! Årskort for bruk av hallen til ridning

Bidra.no - Trekning! Årskort for bruk av hallen til ridning

Blant giverne som gir mellom kr. 500,- og 1.499,- (og som legger igjen kontaktinfo) trekkes det et årskort med 1 års gratis bruk av ridehallen til ridning, verdi kr. 3.500,-.

1 person har bidratt Begrenset antall: 0 igjen kr 500
Estimert leveranse 10.12.2018

Trekning! Trykk av bildekunstnaren Grete Swahn

Bidra.no - Trekning! Trykk av bildekunstnaren Grete Swahn

Blant giverne som velger denne belønningen, og støtter prosjektet med 1500 kr eller mer, trekkes det en heldig vinner av trykket. Tittel: Violet Night. B: 83 cm, H: 63 cm. med ramme. Verdi kr. 3.500,-. Bildet har Grethe Swahn gitt klubben som gave for å støtte prosjektet! :-)

1 person har bidratt Begrenset antall: 0 igjen kr 1 500
Estimert leveranse 31.03.2018

Trekning! Sesongkort Hovden Alpinsenter

Bidra.no - Trekning! Sesongkort Hovden Alpinsenter

Hovden Alpinsenter har gitt oss eit sesongkort som trekkepremie for alle som støttar prosjektet med kr. 2.000,- eller meir. (Husk kontaktinfo!) Verdien er kr. 5.600,-. I tillegg støttar Alpinsenteret oss med kr. 100.000,- i kjøp av reklameplass! :-)

1 person har bidratt Begrenset antall: 0 igjen kr 2 000
Estimert leveranse 01.12.2018

Nøkkelord