Studioinnspeling av mine to beste låtar

(Du må akseptere Markedsførings-cookies for å se prosjektvideoen)

Studioinnspeling av mine to beste låtar

Eg ønsker å ta eit steg vidare med musikken min og har avtalt innspeling av mine to beste låtar i studio med produsent til hausten.

Et prosjekt av Rolfsnes Records, publisert 22.05.2015. Prosjektet tilhører kategorien Skaperglede.
Innsamlet kr 15 190
25 %
Målbeløp kr 60 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 32
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 14.08.2015.

I over 20 år har eg halde på med låtskriving og eigne musikkprosjekt. Mange spør etter innspeling og CDar. Det har blitt eit par album med bandet Skrent, men no ønsker eg å ta eit større steg i retning av å nå ut med musikken min. Eg har planlagt studioinnspeling av to låtar med profesjonelle musikarar og produsent til hausten.

Det er viktig å få til ein skikkeleg god produksjon av låtane. Dette kostar ein del pengar men vil være avgjerande med tanke på å markedsføre musikken og tekstane mine ut mot eit større publikum. Min produsent Tore Kulleseid vil hjelpe meg å finne fram til dei to beste låtane. Tore har bidratt som gitarist/produsent på innspelingar med Impuls, David Andre Østby, Kari Jobe, Michael W. Smith og Jesus Culture.

Eg har alltid vore svært musikkinteressert og likar best artistar og band som er opptekne av å formidle noko meir enn eigne prestasjonar. Mange har gitt meg tilbakemeldingar som stadfestar at eg kan ha noko å bidra med i så måte.

"Han har fått ei heilt spesiell gåve. Ikkje berre skriv han gode og fengande melodiar, men tekstane er utruleg bra".

"I tekstane sine tør han å vere ærleg og eg tenker det gjer det lettare for andre å vere opne".

Alle dei åra eg har halde på med musikk har lært meg kor viktig det er å ha tru på det du held på med. Så no tek eg sats og kastar meg utpå, i tru og håp om at DU vil vere med å hjelpe meg med å gjere dette prosjektet til ein realitet.

På førehand takk for at du vil støtte meg økonomisk slik at eg får moglegheit til ein profesjonell produksjon. Dei to låtane vil bli lansert via iTunes, Spotify og Wimp etter at jobben i Imi Studio AS i Stavanger er ferdig og dette målet er nådd.

Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

Høyr songane før alle andre

Få mp3-filer av dei to låtane på usb-stick tilsendt heim til deg før dei vert lansert via iTunes, Spotify og Wimp.

1 person har bidratt Begrenset antall: 19 igjen kr 200
Estimert leveranse 04.08.2015

2 billettar til release

Eg planlegg releasekonsert når låtane er klare for lansering. Du får to gratisbillettar sendt heim til deg. Tid og stad for konserten blir du orientert om når dette er fastsett.

4 personer har bidratt Begrenset antall: 96 igjen kr 300
Estimert leveranse 15.05.2015

T-skjorte

Du får ei eksklusiv t-skjorte med Rolfsnes Records sin logo mm.

3 personer har bidratt Begrenset antall: 7 igjen kr 300
Estimert leveranse 04.08.2015

Heimekonsert

Eg stiller heime i stova di og held konsert for deg og dine vener. Tidspunkt etter avtale. Gjeld innanfor 1,5 time reisetid frå Stord.

1 person har bidratt Begrenset antall: 9 igjen kr 2 000
Estimert leveranse 04.08.2017