25% av målbeløp på kr 60 000
I over 20 år har eg halde på med låtskriving og eigne musikkprosjekt. Mange spør etter innspeling og CDar. Det har blitt eit par album med bandet Skrent, men no ønsker eg å ta eit større steg i retning av å nå ut med musikken min. Eg har planlagt studioinnspeling av to låtar med profesjonelle musikarar og produsent til hausten.
Det er viktig å få til ein skikkeleg god produksjon av låtane. Dette kostar ein del pengar men vil være avgjerande med tanke på å markedsføre musikken og tekstane mine ut mot eit større publikum. Min produsent Tore Kulleseid vil hjelpe meg å finne fram til dei to beste låtane. Tore har bidratt som gitarist/produsent på innspelingar med Impuls, David Andre Østby, Kari Jobe, Michael W. Smith og Jesus Culture.
Eg har alltid vore svært musikkinteressert og likar best artistar og band som er opptekne av å formidle noko meir enn eigne prestasjonar. Mange har gitt meg tilbakemeldingar som stadfestar at eg kan ha noko å bidra med i så måte.
"Han har fått ei heilt spesiell gåve. Ikkje berre skriv han gode og fengande melodiar, men tekstane er utruleg bra".
"I tekstane sine tør han å vere ærleg og eg tenker det gjer det lettare for andre å vere opne".
Alle dei åra eg har halde på med musikk har lært meg kor viktig det er å ha tru på det du held på med. Så no tek eg sats og kastar meg utpå, i tru og håp om at DU vil vere med å hjelpe meg med å gjere dette prosjektet til ein realitet.
På førehand takk for at du vil støtte meg økonomisk slik at eg får moglegheit til ein profesjonell produksjon. Dei to låtane vil bli lansert via iTunes, Spotify og Wimp etter at jobben i Imi Studio AS i Stavanger er ferdig og dette målet er nådd.