8% av målbeløp på kr 50 000
Ei ny kyrkje for den nye tida
Den gamle kyrkja i Ulstein vart bygd i 1849, då var folketalet 1100. I dag har Ulstein sokn meir enn 6000 medlemar og driv eit arbeid med langt større breidde og mangfald enn i 1849. Soknet driv bl.a eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, og i løpet av veka er over 1000 personar i kontakt med arbeidet vårt.
Den gamle kyrkja frå 1100-talet til venstre. Dagens kyrkje frå 1849 i midten og den nye kyrkja til høgre.
Dei innsamla midlane vil gå til å bygge Ulstein nye kyrkje. Prosjektet er kostnadsrekna til 103 millionar kroner. Meir om prosjektet finn du her.
Det var Snøhetta som fekk tilslaget om å teikne den nye kyrkja. Konkurranseforslaget “Excelsior” vil skape ei skreddarsydd og berekraftig kyrkje for Ulstein som vert ei verdig og funksjonell ramme for alle aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja vert bygt ved sidan av den eksisterande kyrkja, og dei to bygga utgjer en ny heilskap, både funksjonelt og symbolsk.
Ulstein kyrkjelyd driv eit stor og omfattande arbeid. Bilde syner soknepresten saman med konfirmantane.
Vi inviterer alle til å vere kyrkjebyggarar i vår tid. Sette eit merke i tida, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap. Den nye kyrkja vil samle viktige aktivitetar til soknet under eitt tak. Kyrkja blir ei ny kyrkje for den nye tida.
Kyrkje får ei særeiga utforming med bl.a eit spennande kyrkjerom.
Dersom Snøhetta sitt Excelsior- konsept ikkje skulle bli realisert som Ulstein ny kyrkje vil soknerådet disponere midlane til andre byggeprosjekt for å løyse Ulstein sokn sitt behov for større og tenlege lokale.
4%